top of page
IMG_9795.HEIC

Sofie & Bendik
1. august 2026
Volda Kyrkje
| Rjånes Feriesenter

Denne nettsida vil vere samlingspunktet for alt som gjeld informasjon og påmelding til den store dagen

Trykk på knappane nedanfor eller øverst i sidemenyen for å kome til ønska side

Sofie helde papp redigert_edited.png
Sofie helde papp redigert_edited.png

Sofie & Bendik - The Story

Etter mange års venting er det endeleg klart for bryllupet til Sofie og Bendik! Korleis har vi eigentleg komt oss hit? Det får du svaret på her:

Det skjedde i dei dagar i 2008 då Bendik byrja på Bratteberg skule. Der fekk han auge på ei fager(voll) jente med pannelugg, palestina-skjerf og uggs, som lyste opp på skuleplassen.

Det bar vidare til ungdomsskule der dei to var så heldige med å hamne i same klasse. Sjølv om alle Bendik sine venar hadde kome i andre klasser, og han fleire gongar vart oppfordra til å bytte klasse, så gjorde han ikkje det. Lurer på kvifor..

Sjølv med daglege interaksjonar i tre år i same klasse så skjedde det ikkje så mykje på kjærleiksfronten, anna enn ein filmkveld i 2012 der begge erklærte at dei "likte den andre litt". Bendik venta tolmodig på framtida medan Sofie nytta desse åra godt til å øve på forhold, til og med to gongar. Etter litt prøving og feiling var ho endeleg klar til å ta med sine lærdommar til den komande hovudpersonen i hennar liv, og øvinga gav resultat! 

I førsteklasse på vidaregåande skule (2015) tok dei to endeleg initiativ til å møtast privat etter skuletid, men sjøvsagt ikkje utan venninde Paula til stades! Det måtte nokon spelekveldar i trioformat til før dei etterkvart tørte å leggje planar på tomannshand. Sofie inviterte på pannekakebaking, noko som vart ein suksess, men det skulle likevel ta fleire månader før .... blæh

Galleri

NEDTELLING

bottom of page